Sagakongene: Magnus Berrføtt
- Regular price
- 249,00 kr
- Sale price
- 249,00 kr
- Regular price
-
- Unit price
- /per
Sale
Sold out
Tax included.
Adding product to your cart
(Norwegian book)
Sagakongene 8:
Sagakongene 8:
.
Det hadde gått 26 år sidan Harald Hardråde fall ved Stamford Bru i England. Framleis låg det levningar etter falne på slagstaden som eit bilete på kva helvete kanskje er. Den energiske og ekstreme 20-åringen Magnus Berrføtt var stikk motsett av faren, kong Olav Kyrre, den fredelege. Etter 26 år under Olav som regjerande konge i Noreg, hadde lendmennene vokse seg rike og maktglade. Det hadde knapt vore krigføring i alle desse åra. Men Magnus skulle vinne land til Noreg. Ikkje berre Vesterhavsøyane med Skottland og Orknøyane. I tillegg skulle Irland over på norske hender - så England. Slik ville Magnus fullføre planane til farfaren, kong Harald Hardråde, og ikkje minst rette opp ære til nordmennene etter tapet ved Stamford Bru.
.
For å klare dette trong Magnus ein usansynleg stor hær. Frykta for leidang og kostbare krigar frå ein som fleire såg som ein ny Hardråde - berre endå verre - spreidde seg i landet. For lendmennene var gode råd dyre. Eit nytt kongsemne og konfliktar med mektige menn truge no kongsgjerninga til Magnus. Opplendingane hadde ikkje gløymt kva Harald Hardråde gjorde mot dei nokre tiår tidlegare.
.
Ved sida av farfaren, kong Harald Hardråde, var Magnus Berrføtt truleg den mest ambisiøse og profesjonelle hærføraren av kongane i kongerekke vår.
.
Author: Randi Helene Førsund
Published by: Saga Bok og Spartacus
Hardcover: 2012
Use left/right arrows to navigate the slideshow or swipe left/right if using a mobile device